Mannen i 20-åra, som er sikta for å ha starta fem brannar på Stord i august, blir halden varetektsfengsla i fire nye veker. Det har Haugaland og Sunnhordland tingrett avgjort. Mannen erkjenner ikkje straffskuld, og forsvaren hans seier til Sunnhordland at avgjerda kjem til å bli anka. Saka er venta å bli ferdig etterforska innan desember. Det brann heile ni stader på Stord i august, og mannen er no sikta for fem av dei. – Siktelsen vart utvida med to forhold som gjeld brann på Lunds...