Det tok fullstendig av på Sarpsborg stadion etter at heimelaget scora to mål på overtid og sikra poeng i 3-3-kampen mot Viking. På tribunen sat Martin Foyston, som skal leie laget ut sesongen frå og med neste kamp. – Sander (Nyland) og trenarapparatet har gjort ein fantastisk jobb. Eg er veldig stolt av dei. Det var ein skikkeleg «aldri gi opp»-haldning. Eg tek null av æra. Eg er berre glad for å at eg var her og fekk oppleve det, seier Foyston til NRK. Engelskmannen gjekk også av...